torsdag 26. april 2007

Tenk over !

Kva er ein KRISTEN? Er det viktig? Det er mange meiningar om det i dag, men er alle like sanne? Tenk om me tek feil! Me har ei bok som talar om dette.

Tenk over dette nå: ”Dersom Bibelen er sann, får det konsekvensar for meg. Då vil heile framtida mi i æva vera avhengig av om eg er ein sann kristen.

I. FRELSE

Frelsa er det største av alt det Gud har gjort. Alt han skapte var "såre godt", står det i Bibelen. 1. Mos. 1,31. Men toppen på skaparverket er frelsa. Det er det største! Alt er Guds verk (Efes. 2, 8-10).Ingen ting er av oss sjølve. Det slår Bibelen fast. Sjølv dei største i Guds rike, har fått det! Kunne me berre ha det klart for oss, at alt saman er Guds gjerning. Me må sjå heilt bort frå oss sjølve.

Prøv det! La ditt eige fara. Du kan få lov å rekna det for ingen ting når du står for Gud. Det gjorde Paulus. Han fann Kristus (Fil 3, 8). Her gjeld altså ikkje di omvending, anger, bøn eller noko anna. Og slik er det ikkje berre nå i dag, men heile livet.

Kva skal me då sjå på?

Jesus (Hebr. 12, 2)! Der er svaret på alt. Når du trur på han, er han alt for deg i dette spørsmålet.

II. Kva er frelse?

Frelse kan vera fleire ting. Det første er det som skjer når du gir deg over til Gud. Du gir Jesus hjarta ditt og ber om tilgjeving for alle synder - og du får det! I Jesu namn. Men me brukar og ordet frelse om det å koma til himmelen. Då er me endeleg frelste frå alt vondt i denne verda og skal aldri meir sjå eller gjera ei synd. Alle farar og stormar er borte. Alle bylgjer er stilna. Du har ikkje fleire motstandarar. Du er frelst - for evig. Er ikkje det noko å eiga?

III. Er frelsa naudsynleg?

Mange spør kanskje slik: Er det så naudsynleg å bli ein kristen? Er det eigentleg nokon fåre her i verda? Er det noko etter døden - og blir ikkje alle frelste til slutt? Slike tankar kan nok leva i oss.

Då må me gå til Bibelen. Har me nokon anna stad der me finn sikre opplysningar om dette?

Korleis byrjar Bibelen?

Jo - Gud skapte alt, også menneska. Me vart til i Guds bilete (1. Mos. 1, 27). Me var då lik Gud i minst to ting: Me var utan synd, og me var opne og fortrulege med han. Det var lukkelege dagar i Edens hage. Menneska hadde ei rein sjel og eit reint samvit.

Er det slik i dag? Viss det var slik nå, trong me inga frelse. Då var alle frelste. Og då hadde det ikkje vore krig og sjukdom og ulukker.Gud har aldri skapt dette.

Men det hende noko i verda. Djevelen kom som ein slange og lokka menenska til ulydnad mot Gud. Adam og Eva fall for freistinga og gjorde Gud imot. 1. Mos. 3. Dette kallar me syndefallet. Om det skriv Paulus: "Synda kom inn i verda ved eitt menneske, og døden ved synda, og døden trengde gjennom til alle menneske, av di alle synda." Rom. 5, 12 og 18.

Slik talar Bibelen. Av di Adam og Eva synda, er me alle syndarar! Me er det av natur. Efes. 2, 3. Det er ein hovudtanke i Guds ord. Eg seier ikkje me kan forklara alt eller skjøna kvar detalj. Vår tanke er for liten til det. Dei store synder i verda viser tydeleg at det vonde er her. Og Gud er ikkje vond. Då var han ikkje Gud. Eg kan berre klynga meg til det Guds ord seier og tru på det.

Og Bibelen seier at alle har synda. Rom. 3,23. Me gjer personlege synder og står dermed ansvarlege for Gud. "Det er ikkje noko menneske som ikkje syndar," seier Ordet. 1. Kong. 8, 46.

Då kjem spørsmålet: Er synda så farleg? Er det kanskje slik at Gud ser forbi synda og "gløymer" henne? Profeten Esekiel skriv: "Den som syndar, han skal døy" (kap. 18, 4). Og synda si løn er døden skriv Paulus (Rom. 6,23).

Død i dette høve er ikkje berre den lekamlege døden. Den må me alle inn i. Men Bibelen talar og om ein andre død, som er fortapinga. Op. 20, 14. Det er det største alvoret, då mennesket er avskore frå Gud for alltid.

Difor er det naudsynleg å bli frelst. Elles går det oss sille. Himmelen er stengt for dei som lever i synda utan å gjera opp med Gud. Vil du ta sjansen på det?

IV. Kva er frelse?

Frelse er å bli berga - som når ein sjømann ligg på havet og har ingen ting å halda seg i. Båten er gått ned. Då kjem redningsskøyta - og tek han trygt inn til hamn. Han blir "frelst". Ei slik hending er lærerik å tenkja gjennom.

Han kan ikkje berga seg sjølv. Det går berre minuttar før kulden og bylgjene tek han. Ein annan må gripa inn.

Slik er frelsa.

På denne nettstaden kan du finna fleire talar og andaktar m.m. Sjå på spalta til venstre med ulike grupper å klikka deg fram til. Lukke til!

Ingen kommentarer: