lørdag 5. mai 2007

Guds folk !

Guds Folk

Guds folk er menneske som er omvende til Gud, trur forlating for syndene i Jesu namn og på grunn av hans forsoning – og så lever truslivet og ventar på Jesu kome. Me finn dei kanskje i alle land nå i ulike kyrkjesamfunn og kulturar. Fellesnemnaren er trua på Jesus. Tru og liv er bygt på Bibelen som Guds ord. Hovudsanningane i Bibelen er uttrykt i fleire vedkjenningsskrifter (bekjennelser eller symbol) der ein har sett ord på mange sider ved trua. Felles for dei evangeliske kristne er den apostoliske trusvedkjenninga (apostolicum). Men det er fleire: Den nkænske trusvedkjenninga (Nicænum), den Atanasiske (Athanasianum). For den lutherske kyrkja er Luthers vesle katekisme viktig og Den augsburgske vedkjenninga (Augustana).

På denne nettstaden vil me prøva å visa desse sanningane i Guds ord, og med vekt på det rosenianske og pietistiske synet slik me kjenner det frå kyrkjesoga og oppbyggingsskrifter. Det er óg vekkingslina i det kristne livet.

Redaktør: Nils Dybdal-Holthe. E-post: nilsdh@tele2.no

Ingen kommentarer: