søndag 6. mai 2007

Eit vitnemål

Kva er eit vitne?
Av Nils Dybdal-Holthe


Ved ei bilulukke spør politiet ofte etter vitne. Deira ord kan vera avgjerande. Då spør dei visst aldri etter: Kva meiner du? Kven trur du er skuldig?
Nei, dei spør: Kva såg du? Korleis opplevde du ulukka?
- Er det ikkje slik med det kristne vitnemålet òg?
Folk har mange meiningar om kva kristendom er, og kven som er kristne. Eg skal ikkje prøva å døma om det. Men det er viktig for meg å setja det bibelske vitnemålet om kristendom saman med mi eiga røynsle.
Og Bibelen har mange ord om dei truande, både i den gamle pakta og den nye etter Jesu tid.
David er eit godt døme. For min del finn eg dei same ingrediensane frå hans liv att i mi eiga erfaring. Det er ikkje slik at me skryt av og vil vera lik dei bibelske personane. Det viser seg berre at det går til på same måten med oss som i gamal tid. Gud er den same, og frelsa er den same. Og vår natur er faktisk av same slag nå som då. Og då må det verta parallellar – sjølv om kulturen er heilt annleis i dag enn før.

Korleis er menneska?
Den første likskapen gjeld synda. David fall i synd. Og han såg at synda eigentleg var mot Gud, sjølv om han hadde gjort vondt mot menneska. Gud har skapt alt og eig alle. I Salme 51 skriv David slik: ”Mot deg åleine har eg synda,” vers 6. Og denne synda var ei plage og ei tung bør for han. ”Dag og natt låg di hand tungt på meg,” vitnar han i Salme 32, 4.
Denne kjensla har eg ofte hatt. Synda var stygg og tung. Det er ingen teori. Det er oppleving.
Synda har mange utslag og tek ulike former. Somme syndar grovt og ureint slik at folk flest gremmar seg over det. Andre lever i synder i smug og gøymer seg bort. For Gud er det same sak.

Fins det ein utveg?
Vitnemålet har ei anna side. Som truande har me funne svar. Det er ikkje eit poeng å alltid leita og spørja, slik moderne filosofi seier.
David seier: ”Eg sanne mi synd – og du tok bort mi syndeskuld,” Salme 32, 5. Den vegen fekk eg òg gå i unge år. Eg fekk leggja alle mine synder på Jesus, og han tilgav meg alt. Det var av nåde, av di Jesus Kristus betalte med blodet sitt på krossen. Difor vågar eg å tru at eg er ein kristen. Eg har ingen tankar om at eg er betre enn andre. Men eg får leva dag for dag i ”syndsforlatelsens rike”. Der er det godt å vera.

Stor takk
Og då kjem ei tredje side ved vitnemålet: Takk til Gud. Det er ein rett lovsong. David sluttar Salme 32 med dette: ”Gled dykk i Herren!” Den kristne gleda sin hovudtone er: Eg er løyst og fri, og har fått eit nytt liv – i Jesus. Det er ikkje ei meining eg har. Det er ei vissa eg har fått av Gud – for hans ord seier det er slik. Eg har lese om mange kristne i kyrkje- og misjonssoga som har det slik. Eg er glad for at eg ein gong fekk sjå det. Og det er mitt vitnemål. Amen.

Ingen kommentarer: