søndag 6. mai 2007

Utan helging

Av Nils Dybdal-Holthe

Helging er eit stort emne, og her kan me berre ta med eit lite utval av bibelord og delemne. Det er som ved nokre lesebøker i skulen. Dei kan heita t. d.: ”Eit utval av Norsk litteratur”, dvs smaksprøver av Ibsen, Bjørnson, Olav Duun o.a. Her skal me berre prøva å tala oppbyggeleg til oss som kristne.

Teksten i Hebr. 12, 14 er sterk: ”Utan helging skal ingen sjå Herren.” Dette ordet set skilje, og det viser veg.

Utskild og innvigd.

I 1. Peter 1, 14ff finn me nokre av dei sterkaste ord om kristenlivet. Peter skriv både om Jesus død som grunnlaget for kristen tru, om Guds ord der me finn ordet om frelsa, om atterfødinga og målet for trua. Nå kjem han til sjølve livet. Korleis skal eg leva det?
Då talar han om eit heilagt liv. Og det er ikkje sjølvsagt for oss. Det kjem ikkje automatisk om eg har ei sann tru på Ordet og er blitt fødd til nytt liv. Nei, "her gjelder kjempe, ja trenge seg fram, ellers ei himlen du vinner".
Samanhengen i Hebr. 13 er òg viktig. Kap. 12 er eit formaningsord saman med kap. 13. I v. 1 er det tale om ein strid me kristne har, slik det står i sangen: ”Eg vil stride, gjerne lide for min salighet.” Frå v. 5 er det så tale om tukt og refs for ein kristne, og me skal ikkje forakta det. Etter det kjem så ordet om helging: Jag etter fred med alle og (jag etter) helging. Verbet gjeld begge desse orda.
Dette er tonane til haugianarane og de gamaltruande. Og det er ei hovudsak for ein kristen. Ordet heilag (gr.: hagios) tyder alltid to ting: utskild – frå verda og synda, og innvgd – til Gud. Sundag kallar me ein heilag-dag, og det illustrerar godt dette ordet. Denne dagen skulle vere utskild frå dei andre dagane og ikkje nyttast til arbeid og pengejag. Han skulle derimot vere innvigd til Guds ord og samværet med dei truande. - Men er den alltid det? Slik er det og med det heilage livet for ein kristen. Gud har ei meining med det.
Det er interessant å sjå på korleis og kva Gud velsigna i skapinga. I 1. Mos. 1, 22 møter med ordet første gong. Det er 5. dag ved skapinga. Då velsigna Gud dei levande skapningane i havet og i lufta, det levande han hadde skapt først. I v. 28 er me komen til den 6. dagen, då velsigna Gud alt levande på jorda – også mennesket. I kap. 2, 3 er 7. dag og Gud velsigna sabbaten – kviledagen. Difor er det ein heilag dag. I kap. 5,2 vert ekteskapet velsigna, dvs. her er både mann og kvinne nemnde saman. Og dei fekk Guds velsigning. I kap. 9,1 kjem ordet for 5. gong, og då vert Noah velsigna, og med han heile den nye slekta som stod fram etter syndfloda.
Men alle desse er utskilde frå det andre som vart skapt og var i verda, og vigde til Gud. Noah skulle verta ei ny slekt utan det fryktelege syndefordervet som prega tida før flaumen. Samlivet mellom mann og kvinne er velsigna – du finn aldri at samlivet mellom to av same kjønn får Guds velsigning over sine liv. Den heilage dag er òg slik og alt levande på jorda. Stein og tre treng det ikkje slik me treng det. Ein kristen lever altså under Guds velsigning, han er heilag.
Spørsmålet vert nå: når Jesus sitt mål med oss? For å hjelpa oss i det, kjem apostelen nå med fleire formaningar til dei truande. Og målet er eit heilagt liv her på jord. For å gjera det litt klårare for tanken, vil eg taka om helginga i tre tydingar, eller tre slags helging. Johs. Brandtzæg brukar ei liknande inndeling. Den første er4:

1. I Kristus er me heilage og fullkomne.
Dette kan me kalla den objektive helging, og den gjeld for Gud og er synleg i himmelen. Det er ein skjult løyndom, men openberra for trua. Me får del i Guds helging, Hebr. 12, 10. I denne meining er alle kristne 100 % fullkomne, me er heilt innvigde til Gud. Det manglar ingen ting.
Det er dette Pontoppidan skriv om slik – det står under den tredje artikkelen som handlar om helging: "Gud av bare nåde frikjenner en botferdig og troende synder både fra synden og dens straff, og i stedet tilregner ham Kristi rettferdighet. Ja, anser ham i Kristus som om han aldri hadde syndet." Han skriv om dette under rettferdiggjeringa, men han reknar det som ein del av sjølve helginga i vid meining (sp. 486).
Og Luther skriv ein stad om helging – på sin vanlege pregnante måte: ”Eg har ein stol i himmelen ved sida av apostelen Peter.” Så stort er det å vera ein kristen alt her på jord.
Og me har mange skriftord som seier dette. I 1. Pet. 1, 15-16 skriv Peter at Gud er heilag, difor skal me vere heilage. Det er sitat frå 3. Mos. 19, 2 og 11, 44. Det var skrive til israelittar, og her viser Peter at det same gjeld oss kristne. Om dette seier Luther til denne teksten: "Avdi eg er din Herre og Gud, og de er mitt folk, må de vere lik meg... La Gud åleine regjere, leve og arbeide i dykk. Då er de heilage slik Han er heilag."
Paulus skriv til dei kristne i Efesus og seier: Til dei heilage i Efesus - som trur på Kristus (Ef. 1,1). Dei heilage er altså dei som trur på Kristus. Det same ser me i 1. Kor. 1,2. Der kallar han dei kristne "de som er helga i Kristus Jesus, de heilage som er kalla". Og me veit at dei kristne der ikkje var fullkomne i livet. Likevel var dei heilage. Og løyndomen til det finn me i 1. Kor. 1, 30: Kristus Jesus - har vorte vår helging.
Jesus død og forsoning gjorde oss heilage. "På grunn av denne viljen er vi helga ved at Jesu Kristi lekam vart ofra ein gong for alle", og "med eit einaste offer har han for alltid gjort dei som vert helga, fullkomne" (Hebr. 10, 10. 14). Paul Gerhardt skreiv i 1652 om dette etter ei gravferd: "Hva Jesus har meg givet, gjør meg for Gud så kjær." Det er han som er vår helging, og me har ikkje ære av det. Det er oppfylling av hans bøn: "Eg helgar meg for dei, so dei og skal vera helga i sanning" (Joh. 17, 19 NO-38). Denne bøna er oppfylt. Me er fullstendig frelst i Jesus og "lik" Gud i denne meining.
Helginga er her lik rettferdiggjeringa, sett frå ein annan synsstad. Rettferdiggjering er ei rettsleg avgjerd. Gud seier i himmelen om ein nyfrelst: ”Denne, han er fri!” Men helginga er at livet mitt er skjult i Kristus.
Me er altså fullkomne i alle ting – framfor Gud. Det må me forkynna sterkt alle stader.
Men – ser naboen min dette? Då er me framme ved den andre helginga:

2. Me vert oppmoda til å leve heilag.
Den objektive helging er berre synleg for Gud. Våre naboar og arbeidskameratar legg ikkje merke til det. Dei ser kvardagslivet vårt. Det er om dette den gamle klokkarbøna vart beden kvar sundag. Far min bad denne bøna i 30 år i kyrkja heime, og eg trur han meinte det: Å forbetra meg kvar dag i eit heilag liv. Og det er dette Peter og andre skriv om i formaningane.
Her sviktar me ofte. Me er skrøpelege. Dagfinn Solheim har i boka ”Vekst og vanding” ein Mellomtittel som lyder: ”Kristne er hellige, men trenger likevel helliggjørelse.” Det er poenget. Og Fredrik Wisløff kallar dette ”en underlig dobbelthet”.
Men her gjeld det altså utsida, kvardagslivet. Me er visst ofte ubetenksomme, tankelause, slurvne – i tale, om pengar, i arbeidet. Me treng helging i denne mening.
I Johs. 13 er det tale om at Jesus vaska føtene til læresveinane. Peter skjøna ikkje det. Han trong det ikkje. Då seier Jesus i v. 10: ”Den som er lauga, treng ikkje vaska anna enn føtene.” For livets støv klebar ved oss. Og predikantar har spesielle støv som heng ved oss: Det er mismot når det går galt, hovmot i medgang, æresjuke, makt, pengar, misunning o.a.
Me treng reinsing. Skulle me ikkje bøya oss audmjukt og leggja oss på Guds altar.
Om dette skal me seia nokre få ting nå:
a) Me vert aldri ferdig med det. Det er ein prosess som varer livet ut. Eg må stadig vidare i dette. Slik heilag tyder å vere utskild og innvigd, vil kristenlivet alltid vere prega av å skilja lag med det verdslege og ei ny innviing til Gud. Det verdslege er ei gift for kristne som lett tek livet av oss.
Denne sida ved helginga er då å "bli betre" i det ytre. Me blir aldri betre eller gode nok i høve til frelsa. Den er og blir av nåde for Kristi skuld. Men vårt ytre liv kan bli betre. Her må me leggja av syndige vanar og feil som øydelegg for oss sjølve og for andre. Det gamle menneske, "kjøtet", skal leggjast av og døy, og me skal kle oss i det nye, seier ordet. Ef. 4, 22. 24; Kol. 3, 5-8.12. Det tyder å leva etter Guds vilje og la vår eigen vilje døy. Dette har me for lite av i vår tid. Mange deggar for mykje med sin eigen vilje og lyst.
I Hebr. 12,1 er det tale om å leggja av alt som tyngjer og synda… Me skal ikkje bortforklara synda, men få henne bort. Og då syng me gjerne: ”Mer hellighet gi meg, mer mildhet o Gud, mer som sorg over synden, mer lyst til ditt bud.”
Og Peter skriv i 1. Pet. 1, 15: ”Ver også de heilage i all dykkar ferd.” Det er praktisk helging, i kvardagslivet vårt. Og i kap. 2, 1 seier han: ”Legg difor av all vondskap.” Kvifor? Kva viser han attende til? Jo, i kap. 1, 25 (det siste verset der) skriv han klårt: Guds ord er evig. Det tyder at Bibelens moral, normer og dygder gjeld nå, fullt ut. Ingen ting er for gamalt. Her gjeld det altså: Utan helging skal ingen sjå Herren.
Der synda får leva, døyr gudslivet. Det er skræmande nå. Prestar, leiarar og andre kristne stemplar ein del ubehagelege bibelord slik: Utgått på dato. – Korleis er det med gudslivet då? Og vårt liv? Lever me i helginga?
b) Ei anna side er: Kvifor skal me verta helga? Eg er jo heilag og fullkomen i Kristus. Treng eg noko meir?
Nei, ikkje for å verta verdig for Gud, eller som ei avbetaling på synda og det dårlege kristenlivet. Det vert berre lovtrældom. Og den er livsfarleg.
Men me skal visa andre til Jesus, leia ein til himmelen. Tenk om eg kunne få lov til det! For me kan faktisk vinna nokon ved livet vårt. Det skriv Peter i 1. Pet.3, 1-2. Koner som har ufrelste menn, seier han, ”kan verta vunnen utan ord ved den måten de ferdast på, når dei ser dykkar reine ferd i age for Gud.”
Og me må erkjenna: Både liv og ferd og tale kunne vore betre. Det er sorga i eldre år.
c) Me her må me sanna: Me vert aldri syndfrie eller heilt fullkomne. John Wesley tala sterke ord om dette (og dermed metodismen). Han skriv i boka/(talen) ”Kristelig fullkommenhet” slik: Dei mogne kristne ”befridd fra syndige tanker og begjæringer. han er renset fra hovmod, fra onde lyster og egenvilje, - og fra vrede. Jesus fresler fra synder, ikkje bare i det ytre, men også hjertets synder.”
Dette trur ikkje me. Kjøtet er ikkje frelst. Den gamle Adam lever.
Ein lekpreikar møtte ein som sa han var heilag og heilt syndefri. Predikanten ville testa han og tokka seg bortåt mannen. Så sette han foten på tåa hans litt kraftig. Då kom eit sterkt bannord frå den heilage.
”Ja, det var det eg tenkte,” sa preikaren.
d) Men – helginga må skje ved evangeliet. Det kan ikkje skje i kjøteleg iver og eiga kraft. Helginga er ei frukt av frelsa. Golgata og nåden gjev kraft og vilje til ein ny veg. Songaren syng slik: ”Kraften til livets strid finner du der.”
Dette har mange skrive godt om. Og eg siterer litt av det.
Rosenius skriv ut frå Rom. 12, 1: ”Her lærer Paulus oss at det er Guds barmhjertighet som skal føde og fremme den rette helliggjørelsen. Ja, han lærer uttrykkelig at det ikkje er mulig med noen helliggjørelse uten at sjelen først er friggjort fra loven og er blitt salig ved nåden. Men hva er det apostelens formaning går ut på? Jo, at vi skal bære fram våre legemer som et levende og hellig offer. I selve hovudsaken er dette vår helliggjørelse, at vi gir oss selv til Gud som er offer.”
Eit anna sitat er frå ein gamal dogmatikk – truleg brukte Johs. Brandtzæg den på misjonsskulen på Framnes – i alle høve evd det første kurset der. Det var K. Krogh Tonnings dogmatikk frå 1879 (Han vart forresten katolikk vel 20 år seinare). Han skriv om ”den daglige fornyelses vesen”: ”Den Hellige Ånds gjerning for mer og mer å bringe Gudsbildet til fullendelse iden gjenfødte, er det vi forstår ved den daglige fornyelse eller helliggjørelsen i snevrere forstand.”
Vidare skriv han: ”Jo mer hjertet erkjenner og får skue inn i Guds nådes og den frelsende sannhets dybder, og jo mer det får fornemme av kristenlivets indre herlighet og kraft, jo mer den gjenfødte altså får se og smake at Herren er god (Salm 34,9), desto mer vil også hans vilje styrkes til vandringa i det nye levnet. Og slik blir han mer og mer hellig og rettferdig” (altså i livet).

3. Ei endeleg helging i himmelen.
Når Jesus Kristus openberrar seg, skriv Peter i 1. Pet.1, 13. Då vil mange ting henda. I denne samanhang skal me berre peika på temaet helging.
For Guds åsyn er me fullkomne, for oss sjølv og andre menneske er det ei skjult helging. Og den er det ikkje brist ved. I vårt kvardagsliv eig me derimot ei heller skrøpeleg helging full av brist. Det er vår erfaring som me berre må vedgå.
Når Jesus kjem att og me skal til himmelen, skjer derimot noko. Då vil den fullkomne himmelske helginga bli vår erfaring! Me vert også fullkomne i gjerning og kvardagsliv. Det veit me m. a. av ordet i 1. Joh. 3, 2: "Vi veit at når han openberrar seg, skal vi verta han like, for vi skal sjå han som han er." Då opplever me frelsa si fylde og får svaret på alt. Her er mange uløyste gåter i livet, og me ventar på mange svar.
Dette hadde W. A. Wexels sett inn i då han skreiv salmen: Tenk når engang. Det var i 1841. Då døydde verbroren Christian Delphin som var prest på Ringsaker. Wexels reiste til søster si, Fredrikke, som var gidt med presten. Der skreiv han songen i poesiboka hennar. Songen vart trykt i 1845.
Far gjekk ein dag i min tidlege ungdom og song på den. han var åleine bak løa, og eg skulle ha tak i han. Då høyrde eg dette verset:
”Tenk når engang jeg uten synd skal leve, hver tanke ren, hver gjerning uten brist,
når aldri jeg behøver mer å beve for muligheten av en syndig lyst.”
Eg kjende eg var på heilag grunn, og tenåringen rusla vekk. Eg kunne liksom ikkje bryta inn i ein heilagdom.
Der i Guds himmel – då vert alt godt.

Ingen kommentarer: